Tiltalte var dagleg leiar og styreformann i eit aksjeselskap. Ifølgje titalen har han i perioden 2001-2003  sytt for å overføre og/eller utbetale til saman ca. 5,1 millionar kroner til seg sjølv, trass i at pengane var vederlag for sal av selskapet sine aksjar. Han er òg tiltalt for å ha gitt skattestyresmaktene uriktige opplysningar, av di han skal ha latt vere å opplyse om skattepliktig inntekt (ein gevinst på ca. 4,4 millionar kroner) frå sal av aksjar. Vidare er han tiltalt for fleire brot på rekneskapslova, av di han skal ha latt vere å bokføre sal og oppgjer frå sal av selskapet sine aksjar.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf. 916 46 017.