Verksemda produserer silisiumkarbid og har løyve frå Miljødirektoratet til å sleppe ut ei rekke stoff, blant anna miljøgifta benzo[a]pyren (BaP). Benzo[a]pyren er kreftframkallande, arvestoffskadeleg og reproduksjonsskadeleg.
 
Systematiske avvik
Verksemda rapporterer årleg utsleppa sine til Miljødirektoratet. Utsleppa til luft blir berekna gjennom målekampanjar, og I 2021 var det seks slike målekampanjar med totalt 21 målingar. 
 
Økokrim meiner at etterforskinga avdekte systematiske og signifikante avvik ved målingane. Verksemda gjorde fleire tiltak for å redusere utsleppa under målingane, blant anna var det gjennomgåande lågare produksjon under målekampanjane enn elles i året. Avvika gjorde at målingane ikkje var representative for dei faktiske utsleppa, og medførte fare for at verksemda sleppte ut vesentleg meir benzo[a]pyren enn det ho hadde løyve til.  
 
– Økokrim vurderer saka som alvorleg. Slike brot på forureiningsregelverket kan føre til at menneske og miljø blir utsette for svært helse- og miljøskadelege stoff, seier politiadvokat Ida Sletsjøe. 
 
Bevisst feilrapportering til myndigheitene   
Økokrim meiner at beslutningane om å gjere målingar som ikkje var representative, blei tekne av leiarar, vel vitande at målingane ikkje ville gje uttrykk for dei faktiske utsleppa frå verksemda. 
 
– Konsernleiinga ser ut til å ha forventa at verksemda skulle oppretthalde produksjon og salsbudsjett, og samtidig overhalde utsleppsgrensa ved rapportering til Miljødirektoratet. Når verksemda tilpassar produksjonen under målingane, slik at utsleppa ser lågare ut enn det dei faktisk er, undergrev det tilliten som den norske tilsynsmodellen bygg på, seier Sletsjøe. 
 
I Noreg er eigenrapportering sentralt i oppfølginga av forureinande verksemder frå miljømyndigheitene si side. Dei fleste forureinande verksemder leverer eigenrapportar som er baserte på målekampanjar. Allmennpreventive omsyn gjer seg derfor sterkt gjeldande i denne saka.
 
– Tilsynssystemet er i stor grad tillitsbasert. Økokrim håper førelegget vil sende eit viktig signal til anna industriverksemd om at slike lovbrot vil bli straffa, og at saka vil ha ein førebyggande effekt, seier Sletsjøe. 
 
Det var Miljødirektoratet som politimelde saka. Verksemda har ikkje teke standpunkt til om dei vil godta førelegget.
 
Kontakt:
kommunikasjon.okokrim@politiet.no       
23 29 10 30 (08.00–15.00)
 
Aktuelle saker:
https://www.okokrim.no/ny-trusselvurdering-fra-oekokrim-kriminelle-profitterer-paa-miljoekriminalitet.6732548-549344.html
https://www.okokrim.no/720-millioner-kroner-i-bot-og-inndragning-til-equinor.6736424-549344.html