Investoren mottok innsideinformasjon om eit blokksal i eit børsnotert selskap. Kort tid etter, men før blokksalet vart kjent i marknaden, selde han heile behaldninga i selskapet for 195 000 kroner. 
 
Kursen fall då opplysningane vart offentlege, og ved å selja før blokksalet unngjekk investoren eit tap på om lag 10 000 kroner. Investoren har no vedteke eit førelegg på 200 000 kroner og inndraging av innsparinga. 
 
Det er viktig at innsidehandel vert konsekvent og følbart sanksjonert, seier statsadvokat i Økokrim Henrik Horn. 
 
Innsidehandel undergrev tilliten til verdipapirmarknaden
 
Innsidehandel representerer ein trugsel mot tilliten til verdipapirmarknaden. Når nokre få investorar med kurssensitiv informasjon kjøper eller sel verdipapir, har dei langt betre høve enn andre til å oppnå gevinstar og unngå tap.
 
I verdipapirmarknaden skal alle ha like høve. Då kan ikkje nokon handle med prissensitiv informasjon som er umogleg for dei fleste andre å få tilgang til, seier Horn.
 
Finanstilsynet meldte saka til Økokrim. 
 
Kontakt: 
Henrik Horn 
statsadvokat
916 84 157
 
kommunikasjon.okokrim@politiet.no 
23 29 10 30 (08.00-15.45)