66 860 sølvmyntar blei funne ved ei tilfeldigheit då politiet i april i år rykte ut etter melding om at ein varebil køyrde vinglete på E18 i Bærum. Ved nærmare undersøking viste det seg at varebilen var full av amerikanske sølvmyntar. Ytterlegare éin varebil blei kontrollert; også denne var full av amerikanske sølvmyntar. Dei 66 860 sølvmyntane har i dag ein samla verdi på minst 25 millionar kroner.
Myntane stammar frå grove investeringsbedrageri i USA. Økokrim har sidan 2018 hjelpt amerikanske myndigheiter med etterforskinga av denne saka. Under ransaking på ei adresse på Jongskollen i Bærum i 2019 fann og beslagla Økokrim 79 500 amerikanske sølvmyntar, som på den tida var verde ca. 17 millionar kroner. Ikkje alle myntane vi leitte etter, blei funne i 2019; dei har vore forsvunne fram til april i år.
- Vi har lenge vore på jakt etter det forsvunne sølvet og etterforska både i Noreg og i utlandet. Det er gledeleg at sølvet no er kome til rette, slik at dei fornærma i saka kan få tilbakeført verdiar dei har blitt svindla for, seier påtaleansvarleg i saka, statsadvokat Jon André Hvoslef-Eide.
Fem personar tiltalte for grov kvitvasking
Sidan april i år har Økokrim etterforska saka for å finne ut kva som har skjedd med myntane. Dette har no resultert i tiltale mot fem personar for grov kvitvasking av verdiane:
• Ein mann, norsk statsborgar, er tiltalt for grov kvitvasking (organisering og oppbevaring).
• Ein mann, norsk statsborgar, er tiltalt for grov kvitvasking (oppbevaring).
• Ei kvinne, norsk statsborgar, er tiltalt for aktlaus grov kvitvasking (oppbevaring).
• Ein mann, britisk statsborgar, er tiltalt for aktlaus grov kvitvasking (transport).
• Ein mann, britisk statsborgar, er tiltalt for aktlaus grov kvitvasking (transport).
Ytterlegare fem personar har vore sikta i saka. Saka mot desse fem er lagd bort.