Saka blei oppdaga då banken melde frå til Økokrim. 
 
Blei lurt med gullbarrar og edelsteinar 
Tiltalen byggjer på at ein eldre person blei lurt til å overføre pengar til dei tiltalte. Ifølgje tiltalen fekk den fornærma opplysningar om at han hadde tilfredsstillande sikkerheit i gullbarrar, edelsteinar og teppe. I realiteten var verdiane berre verdt ein brøkdel av det han hadde overført. 
 
Bedrageriet gjeld eit beløp på til saman over åtte millionar kroner. Om lag halvparten av beløpet blei stansa eller returnert som følgje av arbeidet til bankane.
 
Rask reaksjon frå banken 
Etter ei melding om mistenkjeleg forhold frå banken stansa FIU (Financial Intelligence Unit) i 2025 pengane på kontoen til ein av dei tiltalte, før saka blei politimeld til Økokrim. Meldinga og stansen gjorde at Økokrim raskt kunne ta beslag i 1,9 millionar kroner og setje i verk etterforskinga som har ført til tiltalen. 
 
Denne saka er eit godt døme på verdien av arbeidet dei rapporteringspliktige gjer, og korleis kvitvaskingslova kan nyttast til å sikre verdiar for inndraging. Her var det ei melding frå ein bank som førte til at Økokrim raskt kunne ta beslag. Når saka skal behandlast i retten, er det allereie sikra store verdiar som kan inndragast til dekning av erstatningskravet til den fornærma, seier politiadvokat Liv Johanne Jørgensen Ro. 
 
Straffesaka har vore ein del av Økokrim-prosjektet Frå stans til inndraging. Det er eit prosjekt der politiet set i verk straffesaker på bakgrunn av meldingar om mistenkjelege forhald (MF-rapportar) og stansførespurnadar. Totalt sende FIU over om lag 1 400 slike produkter til norsk politi i 2025.
 
Kontaktinformasjon:
Pressevakt: 23 29 10 30 
kommunikasjon.okokrim@politiet.no